Inngrediensar:
Bunn:
42 stk oreokjeks (3 pakkar)
100g margarin
Lag 1:
200g philadelfia ost
2.5dl melis
1pk kremfløyte
Lag 2:
2pk Freia sjokolademousse (70%)
4dl lettmjølk
Topp:
1pk kremfløyte på toppen
1pk Oreostrø
Slik gjer du det:
Legg alle kjeksa i ein dobbel brødpose og knus dei. Smelt 100g margarin, og bland det inn for hand eller i ein kraftig miksar. Legg det jamnt i ei 26cm kakeform.
Sett forma inn i kjøleskapet i 30min slik at kjeksa får stivna.
Bland philadelfia, fløyte og melis, til ein luftig krem, og ha den oppå kjeksa.
Sett forma inn i kjøleskapet i 1 time.
Bland sjokolademoussen etter anvisning på pakken. Du kan sikte av sjokoladebitane viss ynskjeleg.
Sett forma inn i kjøleskapet i minst 1 time til.
Ta så ut kaka og stivpisk kremfløyte og bre det ut over på toppen, og strø heile pakken med oreostrø oppå.
Sett så i kjøleskapet igjen til neste dag for eit perfekt resultat!