Posta måndag 19. mars 2012 klokka 13:39:
Tida går og 1 månad har allereie gått
For ein månad sidan kom vetla vår Line Mathilde til verden. No veks ho, eter og storkoser seg på dagane. Saman med tida som har gått har ho utvikla seg sjølv med å få en tydligare personlighet, bolla veks både sidelengs og i bredde og auga byrjar å feste seg godt med fokuset retta mot oss, eller gjenstandar som ho tykkje er interessante
Følelsen og gleda av å få denne kontakta og samspelet med Line Mathilde dag for dag gir oss stor glede og kos som fyller kvardagane mykje meir liv og spanande dagar i møte
I løpet av vekene har vi jobba litt med Line Mathildes mageproblem, noko som ikkje alltid er like lett å finne ut av. Med mykje skriking, ei lita jente med mykje vondt, trøtte slitne foreldre og mykje vakne dagar for hennas del, håpar vi etter kvart å finn ut av kva som plagar ho. Foreløpig ser det ut som det er eplejusen og løk som slår stygt ann her for en vond mage
Elles brukar vi tida godt på tilvenning både med mat, soving på natta og det å bli vant med verden og dens naturlige utføringar som skjer daglig for hennas del og for våras
Er det noko ho likar er det vertfall å ligge på stellebordet og studere og samspele med oss, bade (det er sååå kjekt, noko ho diggar), ligge inntil mamma eller pappas brystkasse eller gå på trilletur
Her er nokre bilde av vår søte prinsesse etter 1 månad ute i den store verd
Fantastiske bilete av skjønne gullejenta til farmor, som vekse så fort...
Gler meg til å sjå og holde Line Mathilde igjen på lørdag. Ei lita prinsesse