Rolland
Posta måndag 27. februar 2012 klokka 20:27:
De første dagene som mamma og pappa Hjarte familielivet Hjarte
Bilete 1Dagane går, Line Mathilde veks og er snart 1 veke gammal. Tida fyke, saman med kosen, lukka og det nye livet som småbarnsforeldre. Etter mindre enn eit døgn på sjukehuset, valte eg å reise heim igjen med Line Mathilde til både pappaen, mi eiga seng og til eigne omstendigheter. Dette var nok nokre litt skeptisk til, kanskje litt sjokkert over og eg hadde sjølv litt spenning i kroppen over situasjonen. Avgjørsla vart tatt ut frå slik forholda var på sjukehuset og Line Mathildes trivsel og behov. På sjukehuset var både eg og Line Mathilde mykje åleine på rommet, der vi slappa av, brukte dagen der på til soving, bli kjent med kvarandre «på utsida» og å kose oss med livet. Line Mathilde hadde fått mykje fostervatn i seg og hadde ein god del brekningar/oppkast og en mengde med bæsjebleier i løpet av døgnet. Så eg følte eg ikkje gjorde noko anna enn å være bleieskiftarbeider første dag. Men koseleg det også, godt vant med slikt eller hur? Tunge Sidan Line Mathilde hadde mykje brekningar var ikkje appetitten den største og mjølkeproduksjonen min var ikkje komen i gang heller. Men dette sa dei var normalt og ho hadde overskotslager frå matinntaket i magen til å klare seg i 3-4 dagar utan. Jaja tenkte eg, dette kan jo bli spanande. Men ho må jo få mat. Men vi får ta det som det kommer og forma hennar an. Rundt klokka 16:30 «booka» vi oss ut av KK på Storken og reiste heim. Vi hadde ein roleg og fin kveld heime medan Line Mathilde sov godt.

Bilete 2Når natta kom, kom også uroa, hissigheten og kanskje svolten? Line Mathilde grein mykje og eg måtte sove med ho på brystet, gå og bysse på ho i fleire timar og til slutt sov eg nesten ståande etter ei slitsam natt med uro og gråt. Eg hadde jo døgna sist natt også gjennom etter fødselen og etter mykje lykkerus. Dag nr 3 kom og Line Mathilde sov ganske så bra på dagtid igjen. Sikkert utslitt etter natta. Brekningane og avføringa dabba meir og meir av. Det var positivt. Men interessa for å suge til eit tomt bryst var lite tilstade. Off, tenkte me, kva gjer me eigentleg? Dei sa på sjukehuset at dette kommer seg etter kvart. Men vi følte at «stakkars liten ho må jo få mat». «Jordmor hjem» skulle komme neste dag, så det var ingen stooor krise ut frå KK. Men ei natt til utan søvn, mykje uro og ei lita prinsesse utan mat var vond å tenke på. Etter mykje tankar og komme fram til løysningar, drog eg fram brystpumpa i løpet av kvelden og «starta» mjølking som ei ku. *møøøøø* Dei edle dråpane og startfasen av amminga skulle komme ut. No hadde eg fått nok av venting på dette jur-systemet. Etter å ha pumpa litt løyste det opp. Edle dråpar kom, gleda var stor og vi gav Line Mathilde slurkane i eit lite beger. Tru meg ho koste seg, der ho smatta høgt. Gleda var stor både for liten og stor Smil Endelig fekk ho i seg væske/mat Smil Ingen ting var betre der og då. Etter kvart la eg ho til brysta. Ho fekk prøve seg fram og fekk etter kvart gangen på det. Denne natta gjekk mykje beitre. Nå var meir utfordringa å få sova begge to. Korleis kunne ho sove i si eiga seng? Avhengigheta og nærleiken til meg var fortsatt stor. Ho låg fortsatt saman med meg natta lang. Det er kos å ha ho liggande på meg, men søvnen blir ikkje den optimale. Men slik er det å bli mor og gå inn i ei ny rolle tenkte eg. Vi får ta ein dag av gangen.

Bilete 3Dagen der på kom jordmora på besøk og amminga hadde tatt seg godt opp. Brystene hadde blitt litt av nokre silikonpuppar kan ein vel beskrive dei som. Knallharde, runde og tunge jur. Herlighet tenkte eg. Det e sånn det skal kjennast ja. Jordmora hjelpte meg litt i forhold til rettleiing av amming, tok blodprøve av nurket vårt, vi snakka samen og vi vog ho. Ut frå fødselsvekta på 3290 hadde ho gått ned til 2970, altså 300 gram og på 10 % der dei maks skal gå ned. Fokuset låg derfor mykje på amming, matinntak for Line Mathilde og korleis ho ikkje skulle tape meir vekt. Gjennom helga skulle fokuset hos meg og Line Mathilde ligge på ro, kos, gode rutinar og mat, mat, mat. Var det nokon problem ut frå matinntaket kunne eg ta kontakt med henne eller KK Smil Så tryggheten låg der tilstede for hjelp og rettleiing.

I løpet av helga har Line Mathilde spist godt, der ho gjerne slurpar i seg litt for fort der det plutselig kjem ut igjen den eine og den andre vegen Tunge Men er ein svolten, så er ein svolten. Helga har også gått med til besøk av Line Mathildes farmor og tante Birte (Bjarte si søster). Det har vært kjempekoseleg, Line Mathilde har fått mykje kos og har fått blitt kjent med noen av sine næraste personar Smil Sidan matinntaket begynte å få god verknad på søvn, ro og større glede og lykke hos Line Mathilde, blei også tilvenninga til eiga seng/si vogge også mykje lettare. Nå søv ho berre i vogga si gjennom natta, men «kryper» gjerne opp i mamma og pappas seng for litt mat og kos inni mellom sovetaka.

Bilete 4Nå er det måndag, snart er Line Mathilde 1 veke gammal og vi hadde eit koselig besøk av helsesøster i dag for litt prat, rettleiing, informasjon og veging Smil Lille gullet hadde bolla på seg 155 gram i løpet av helga og både foreldre og helsesøster var godt nøgd med det Smil Etter veginga fikk studenten som var med helsesøstera på heimebesøk, lov til å holde ho. Ho var heilt frelst over den lille, søte prinsessa vår. Dulla og kosa me ho, medan eg og helsesøstera prata ilag. Eg trur nok helsesøstera synst ho dulla litt for mykje med ho, hadde litt meir fokuset på ho enn det ho kanskje skulle ved besøket (som kanskje var observasjon, stille spørsmål ang arbeidet m.m.) Men eg synst det bare var koselig eg at andre blir sjarmert av sjarmjenta vår Smil På slutten av tida snakka vi kjapt rundt trening om nakkeskeivhet og eventuelt trening rundt dette for å unngå for mykje skade på nakkepartiet hennar.

Elles brukar vi dagane som er til MASSE kos, MASSE eting for Line Mathilde sin del, turgåing og avslapping saman. Dagane, timane, minutta og sekundane fyk av garde som en stormvind og vi nyter kvart sekund saman. Det er skummelt at tida går så fort når ein helst ikkje ynskjer det, men det er viktig å ta vare på den tida vi då har Smil

Framover skal vi bruke tida på å la folk som kan komme på besøk, vi reiser på besøk og det å kunne dele gode stunder og augeblikk saman med andre rundt oss Smil Vi takker også kjempemasse for alle gratulasjonane vi har fått både her på bloggen, fjesboka, via kort, telefon og meldingar Smil I travle stunder har ikkje vi alltid hatt tid til å takke alle og ein kvar for dette, men det vil eg tru er forståelig Smil












Posta onsdag 29. februar 2012 20:41:
146
Farmor hadde følgjande kommentar:
Må innom bloggen x antal gonger i løpet av dagen. Smil nærleik til Line Mathilde Hjarte Skjønne gullejenta. Trur du har vokse på ei lita veke Smil God klem frå farmor
Posta tysdag 28. februar 2012 10:51:
144
Andyen ;) hadde følgjande kommentar:
For ei herlige litå prinsessa Smil Gratla så masse til dere begge to Smil
Posta tysdag 28. februar 2012 06:56:
143
Anita hadde følgjande kommentar:
Du er så flink å fortelle om det herlige som skjer med dere Smil Skulle ha vært like flink som deg, det er gøy å følge med Blunk Klems Anitamoren Blunk
Posta måndag 27. februar 2012 20:49:
142
Farmor hadde følgjande kommentar:
Takk igjen for ei fin helg samen med dokke. Kjekt å få vera litt "hushjelp", så dokke kunne ha fokuset fullt og heilt på gullejenta Hjarte

Godt å sjå den positive utviklinga med matinntak og regulering Smil

Prinsesse Line Mathilde er heilt fantastisk perfekt Hjarte

og har verdas mest glade og lukkelege foreldre! Smil
Posta måndag 27. februar 2012 20:41:
141
Linda Marie hadde følgjande kommentar:
Eg sitter her med tårer i augene. Fantastisk lesing nok ein gang Smil eg unner dåkke alle tre dette så innmari Smil Eg er så gla på dåkkes vegne. Og det virke som dåkke takler ting kjempe bra. Tar av meg hatten Anne Ingeborg, syns virkelig det er flott du er så åpen og ærlig og skriver rett fra levre (tenke spes. på innlegget fra fødselen). Kos dåkke masse og nyyyyt verdens nydeligaste prinsesse Smil
[opp til toppen]
Legge til kommentar:

Namn:


Namnet på Noregs konge (med stor H):


Kommentar: