Rolland
Posta torsdag 23. februar 2012 klokka 13:06:
Den beste dag i våre liv Hjarte
Bilete 1I forgårs 21.2.2012 kom lille Line Mathilde som vi ynskjer å kalle ho, til verden. 3290 gram, 49 cm lang og hodeomkrets på 35 cm. Eit lite nurk så vakkert, fint og etterlengta.

Dagen starta 21. februar 3 dagar før termin, med at eg hadde store smerter i ryggen der eg låg i senga 3:30 på natta. Som alle gravide gjekk eg no på do for å få tømt denne blæra, der kom det en mengde med rosa slim ut. Jaja tenkte eg resten av slimproppen kanskje som kom søndag 19.2.2012. Eg vekte no Bjarte for å vise/fortelje, men når han er trøtt seie jo da sitt kor mykje han eigentleg bryr seg eller klarar bry seg Tunge hihi. «Da er ikkje så farlig» seier han og legger seg fint i senga igjen og putrar og søv vidare. Men smerten for min del var det verre med.

Eg la no meg ned att i senga, med kraftig smerte i korsryggen. Bjarte putra og sov. Eg klarte ikkje sova, ligga, finna noko stilling å slappe av i. Eg gjekk på doen igjen pissesjuk som eg har vært om natta. Eg orka ikkje tanken på å legga meg igjen, så eg kledde like så godt på meg, daffa ved dataen og gjorde meg klar for jordmortime me skulle gå til 8:30 denne dagen. Inni mellom fekk eg nokre små smerterier/kynnera eller kva eg enn skulle kalla da. Eg visste no ikkje kva da eigentleg var. Men vondt og rart var da, men sjeldan. Eg fekk opp Bjarte etter kvart også og me kom oss av gårde til jordmora.

Bilete 2Vi parkerte på Oasen eg fikk beskjed av Bjarte å gå til jordmora, der han skulle ta meg igjen på vegen for han skulle bare legge ein parkeringsbillett i bilen. Jauda, greitt eg kanskje går litt treigt, men han tok meg aldri igjen og inn til jordmora gjekk eg og begynte timen med å prate om forma mi m.m.. Men eg byrja jo å tenke «hmm, kor e Bjarte?» etterkvart… 5 min forsinka kom han valsande opp, med ein forslått fot og sinne i blikket. Jaha tenkte eg, kva har du gjort? «Eg klarte å tryna på parkeringsplassen på glatta og har mest sannsynleg forstua foten hardt og gale» sa Bjarte med litt sur, sint, frustrert og vondbråte i stemma. Jordmora var heilt forskrekka og hoppa fort ut av stolen og over samtalen vi var starta på og begynte å prata med Bjarte kva som hadde skjedd og undersøkte han frå topp til kne… Ho sprang ut for å finne ispose og styra på. Jaja tenkte eg, litt av ein jordmortime, hehe. Bra nokon får hjelp vertfall Smil Timen gjekk og fokuset låg no mykje på Bjarte og hans tilstand, der me fekk undersøkt og snakka litt om min tilstand inni mellom. Sidan jordmora ikkje fekk til isposen ho henta på starten av timen, ba ho meg springe ned på apoteket å kjøpe ispose og støttebandasje til gubben min. Jaja will do will do. På apoteket fekk eg tre stykker til å prøve å opne ein ispose, sia jordmora ikkje fekk da te. Da måtte eit mannfolk til tilslutt Smil opp igjen sprang eg, jordmora styrte og stelte med foten til Bjarte og gav han råd i fleng på korleis den skulle behandlast. «Jaja» sa Bjarte «me får no sjå, eg har no ikkje brekt an» Tunge Men opphoven og smertefull var den der han gjekk og hinka og halte så vidt på den. Perfekt dag tenkte eg. Eg har vondt i ryggen og du har vondt/problemer med foten. Me får krysse alle fingrar og tær på at ikkje Sprelleline kjem ut i dag om eg ska ha en dugande hjelpar me meg til sjukehuset evt. Bjarte for på jobb og eg for heim.

Bilete 3Smertene var store og eg klarte ikkje sitta med dataen på kontorstolen, klarte så vidt å gå rundt i huset, alt var bare drita keisamt. What to do, what to do!!! Eg prøvde å legge meg litt igjen, hørte på radio og fekk slappa av på ein eller anna måte. Eg hadde jo ikkje val. Smerter og uregelmessige rier kom og gjekk. Eg sto opp med jamne mellomrom, men det var verre å være på kontoret og inne i stova enn å slappe meir av i senga. Jo meir eg var på kontoret jo oftare og meir smertefulle blei riene, smerten, kynnarane eg hadde. Frå klokka 14:00 av blei riene/kynnarane og smerten meir og meir intens. Eg snakka med Bjarte og han sa at de mannfolka på jobben sin sa at fruene deira også hadde hatt slikt men da var maserier og som kunne vare i fleire veker før fødsel. Eg berre tenkte, å herreminhatt, skal eg ha dette i fleire dagar evt veker. Omg. Da e VONDT!! Frå klokka 15:00-17:00 blei smertene meir og meir tette og eg holdt på å daue der eg låg i senga. Eg pusta og peste, grein og skreik. Eg viste ikkje kor eg skulle gjere av meg, kva det var for noko og kor tid skal ein eigentleg kontakta sjukehuset for å spørje kva dette er for noko…. Jaja, tenkte eg eg må vertfall vente til Bjarte kjem heim rundt 17:30.

Han kom heim att rundt de tider, haltande og veldig forslått i foten. Han såg meg vri meg i smerte. Han hadde ikkje trudd da var så gale, og spurte ganske kjapt om vi skulle dra til KK. «Ja, ikkje veit eg, men riene er jo 5 min mellomrom og varer over 30 sek, og da e jysla VONDT.» Så eg ringte no KK og de sa eg bare kunne komme ned så kunne de ta ein sjekk. Eg pakka ferdig sjukehusbagen, Bjarte gjekk ned til bilen og eg kom diltande etter med bag, veska og det eg skulle ha me meg av pikkpakk. Jaja, tenkte eg, dette kan bli spanande, Bjarte med sitt handikapp og eg med mine smerter.

Bilete 4Etter en lang og pinsam biltur, blei eg på sjukehuset vist til føden. Der tok dei ein sjekk av meg, lytte, kjenne, sjå og gynekologisk undersøking. Undersøkinga var fort overstått, lite tilbakemeldingar fekk vi, bare det at eg skrive deg inn eg. Åja tenkte me. Jaja eg slippe vertfall ikkje ut herfrå i dag eg då. Men kvifor eigentleg? Kva med opplysningar? Tunge Eg fikk vertfall spørsmål om å tømme tarmen. Ja kvifor ikkje, tenkte eg, det er jo luksus med alt av drit eg har spist i da sista. Så kom det jordmødre og helste på meg, og eg spørte om eg heller kunne få gå på Storken sia eg har hørt så godt om dei og dei har nok finare lokale, mindre stress og medikamenter der oppe i ei rolegare og koslegare atmosfære Smil Jada det skulle dei høyre om. Og ei jordmor følgte oss opp i smerte. Ein med rie inni mellom og ein komande pappa som gjekk treigare enn ein gammal mann.

Når me var kome oss opp til Storken rundt 18:40 fikk me møte på ei koselig jordmor og ein mannleg student. Eg gjekk rett bort til senga og jobba med riene eg fekk. Me sa at me ikkje hadde fått vite så mykje opplysningar på kva som skjer og kor eg evt er i stadiet sia eg er lagt inn. Sjokka var de no litt på at vi ikkje hadde fått vite noen opplysningar, men kjapt kom dei med at eg hadde 3cm opning og prosessen var i gang. Å herremin hatt tenkte eg…HJELP!!! Skal eg liksom pressa na ut eg snart då, med litt redsel på kva som snart skulle skje. SKOMMELT!!!

Bjarte satt ved sida av meg, eg vrei meg i smerte, pusta og pesa. Jordmora og studenten observerte jobbeprosessen min. De synst eg var flink på pusteøvingane mine og ligge der å strutta med stussen i været Tunge Smertene blei meir og meir intens. Bjarte prøvde så godt han kunne ut ifrå tilstanden hans og strekke seg bort å massere meg i kortsryggen. De spurte om eg ønskte varmeflaske på ryggen etter kvart. «Ja» sa eg, «magen også, jaaa.» SMERTEN var STOR både bak og framme. Hadde eg ikkje smerte i rygg, hadde eg da intens i nedre del av magen. Smertene økte. Eg KNEIP Bjarte meir og meir godt i armen, prøvde og puste og mest mogleg vere avslappa i kroppen. Det var ikkje bare, bare, jo oftare riene kom og jo MEIR intens smertene var tilstade. Enkelte gangar grein eg, noen ganga steika eg over kor vondt da var, noen ganga kjefta eg på at de la varmeputene feil, kommentarar som «pust rolig inn og ut, inn og ut…» «JA» sa eg, «men da e så VOOOONDT og eg må BÆSJA!!!» «Jammen da e fordi ho presser på!!!»

Bilete 5Etter kvart var det vaktskifte klokka 22:00 og ei ny jordmor kom inn, saman med studenten som gjerne ville gå over for å være med på fødselen Smil Koseleg var no da. Han va no flink og til god hjelp. Den nye jordmora fikk æra av å ta gynekologisk undersøking igjen på kor langt eg var komen. Off tenkte eg, eg e sikkert bare 4 cm, å eg har JYSLIG SMERTE. Gleda, redselen, smerten og «eg viste ikkje kor eg skal gjøre av meg» blei STOR når dei sa «du e 8 cm på vei. Nå har du bare 2 cm igjen….» «Å NEEEI» seie eg, «vil ikkje, orker ikkje.»
Jordmora styra på. «Kom så kan du få prøva deg på saccosekk i senga.» «Off», tenkte eg, jaja eg får vel prøve. Fort prøvde eg og fort kasta eg den ned att på golvet og sa «Eg vil ikkje ha denne saccosekken, da e VOOONDT» (med litt kjeftesmelle stemme). Eg la meg på senga att, og forlanga å få varmeflaskene fort og godt tilbake på korsryggen og magen igjen. Studenten satt og pressa varmeflaska opp i korsryggen, jordmora framme i magen og eg kneip handbakk med Bjarte Smil Godt team Smil Storforlangande…NEIDA Smil 5-6 ganger var smerten så stor at eg ikkje klarte unngå å presse, avslappinga var vanskelig og smerten var stor, og mindre blei den ikkje av å kjenne ho sparke og styre på inni magen. Kl 23:00 ca sjekka dei meg igjen. Då var eg 10 cm og full opning - Nå skulle eg jobba med å få ho lengre ned i bekkenet. «Neeei» grein eg av smerte, «eg vil ikkje, da e så VONDT» «Jada» sa jordmora, «bare hugs å puste rolig og vær avslappa.» Jada lettare sagt enn gjort. Kommentarane «Det er vondt, eg må BÆSJA!!!» kom titt og oftare ut av munnen min. «Ja men bare press om du må» sa jordmora. «Ja men eg gjer jo da» skreik eg (eigentleg gjor eg ikkje da, eg bare hylte og skreik, spente og slo til senga).

Etter ei stund skulle jordmora ha meg med ned på golvet på ei matte. Jaja, tenkte eg, eg får vel prøve dette her også då, og det var faktisk ikkje så verst. Med spreidde bein, på trimmatte med hovud på ei pute i senga, studenten som gjorde sin plikt med varmeflasa på korsryggen gjorde susen. Både med å puste, være meir avslappa mellom riene og det å rugge og kjenne at lille nurket var på vei ned. Pressefasen var i gang. For kvar ei ri pressa eg og «spelte» handbakk med Bjarte Smil Ho kom lengre og lengre ned, eg kjente trykket godt. «Du e kjempeflink, Anne Ingeborg» sa jordmora og studenten, «no er det bare litt igjen, kom igjen» «Neeeeei» sa eg, «Hæ, vil du ikkje ha ho ut» «Vetsje» svarte eg med litt redsel på at verkelegheta var så nær. «Kva sa du?» spørte jordmora. «JO, eg vil ha ho ut.» «Ja men så kom igjen no, siste innspurt» Eg følte eg var god på å trykke. Dette kunne eg følte eg. Eg pressa godt ned i magen/bekkenet, hovud kom ploppande ut etter kvart og eg reiste meg straka vegen opp nett som ei ku på fire bein over å kjenne noko ligge mellom beina mine i press… «Pust no» sa de «puste puste puste puste. Så setter du deg nedatt på kne. Og ved neste ri e ho ute» Eg pusta og prøvde å kjenne, men einaste eg kjente var presset nedantil, er dette ei ri..hmm, er dette? Hmm. Eg trykka no bare på tilslutt. Og flomp så kom ho ut med eit skrik. Eg bare grein der eg sto i senga, utslitt, sveitt, sliten og kjensleladd.

Bilete 6Eg fekk så legge meg i senga og fekk vetla til meg på brystet skrikande og med behov for nærleik. Vi krølla ho inni eit teppe. Der låg ho, medan eg måtte syast nedantil sia eg hadde rivna litt. Nett som mora og faren bæsja ho i eitt sett frå første stund ho kom ut Tunge Etterpå eg var ferdig å sy fekk vi litt åleinetid med ho der ho fikk sutta litt på brystet og ha litt alenetid saman med mammaen og pappaen. Saman snakka vi om namna vi hadde studert på og kom fram til at vi ville behalde det namnet vi har tenkt på lenge - Line Mathilde. Jordmora kom inn med mat til oss og vi fekk i oss nokre få matsmular av det me orka etter ein slitsam fødsel. Etter kvart blei eg flytta til eit dobbeltrom, der eg fekk liggje åleine. Bjarte reiste heim, stuptrøtt kl 3 om natta, sliten etter ein lang dag og hard fødsel? Vertfall harde handbakktimar Tunge

På rommet låg eg og vetla. Med behov for nærkontakt nekta ho å ligge åleine i senga si, ville heller ligge med meg i senga Smil Koseleg det, men søvnen var ikkje til å skryte av Smil På storken har vi nå ligge i ein dag. Line Mathilde har hatt ein produktiv bæsjedag, hatt mykje kvalme og oppkast av fostervatn, men storkost seg med søvn utover dagen Smil Eg har sove litt sånn inni mellom slaga, og når eg har fått plass i senga Tunge Vi er no komne oss heim igjen til far i huset og skal fredag få besøk av jordmortenesta Smil Då får kanskje eg ei natt med betre søvn og kanskje Line Mathilde slår seg godt til ro etter kvart i heimen. Foreløpig har ho berre sove i leikegrinda si og nytt livet Smil

Vi er to lykkelige foreldre, som endeleg har fått skatten sin heim, ei lang ventetid er over og vi ser fram til fine dagar framover i lykkerus og kos med eit nytt familiemedlem Smil Pågangen er nok stor for besøk, men bare sett dykk på venteliste så kontaktar vi nok dykk med tidspunkt til når me er klar, hihi Tunge
Posta laurdag 25. februar 2012 16:49:
140
Farmor hadde følgjande kommentar:
Ei jente så skjønn, det er som ein drøm. Farmor er så glad for å få lov å dele helga med Line Mathilde, mammaen og pappaen. Smil

Den største gleda ein kan ha det er å gjera andre glad! Smil
Posta laurdag 25. februar 2012 13:20:
139
Sylvia hadde følgjande kommentar:
Så utrulig kjekt å lese. Skjønnaste lille babyen! Igjen, GRATULERE så mykje!
Posta fredag 24. februar 2012 20:31:
138
Stephanie hadde følgjande kommentar:
Fantastisk fortelling og BRA jobbet Anne Ingeborg. Hun er nydelig og dere har valgt et veldig fint navn som passer henne perfekt. Gratulerer med deres nytt liv! Klem
Posta torsdag 23. februar 2012 23:09:
137
Kristin-Micaela hadde følgjande kommentar:
Gratulerer så mye med en liten jente, utrolig fint navn dere har valgt Smil Smil *Sende gratulasjons klem* til dere begge
Posta torsdag 23. februar 2012 21:37:
136
Farmor hadde følgjande kommentar:
Godt å få korte ventetida for møte Smil nå glede eg meg til å treffe Line Mathilde i morgon kveld.

God, varm klem frå farmor
Posta torsdag 23. februar 2012 19:06:
135
Astri (Bjartes fadder) hadde følgjande kommentar:
Gratulerer masse masse med den nydelige jenta !!! Så fint navn ho har fått !. Ønske dokke all glede og lykke sammen med henne . Ho er heldig på mange måter....ønska og elska !Lykke til!
Posta torsdag 23. februar 2012 17:38:
134
Rose hadde følgjande kommentar:
Gratulerer så masse dere nybakte foreldre Smil
Du har en kjempe fin blogg. Har lest masse her. Godt du er ferdig med fødselen og bare koser deg nå med lillemor Smil
Posta torsdag 23. februar 2012 17:04:
133
Farmor hadde følgjande kommentar:
Kjære Anne Ingeborg! - og Bjarte
Gratulera igjen! Fantastisk skrive, om ei ubeskriveleg reise.
Velkommen til verda skjønne Line Mathilde Smil

Farmor glede seg umåteleg til lørdag, til å få helsa på og kosa med gullet.

De er to utruleg flotte foreldre
Smil
Posta torsdag 23. februar 2012 16:03:
132
anita hadde følgjande kommentar:
En vakker liten prinsesse er født Smil Og hun har fått to av verdens beste foreldre som kommer til å dulle henne masse vekkBlunk Jeg er klar for å komme på besøk når som helst,når det passer for dere Smil Masse klemmer fra Anitamor Blunk
Posta torsdag 23. februar 2012 15:54:
131
Susann hadde følgjande kommentar:
SÅ nydelig og vakker! Gratulerer så mye kjære Anne Ingeborg og Bjarte. Nå tar livet en helt ny vendig! Masse tillykke og de beste ønsker for familielivet Smil
Hjarte
Posta torsdag 23. februar 2012 15:31:
130
Rune hadde følgjande kommentar:
Setter meg opp på ventelisten Smil Hehe.Ser frem til å hilse på (ikke skifte drittbleie ) hehe
Posta torsdag 23. februar 2012 13:55:
129
Stine hadde følgjande kommentar:
Hun er nydeligSmil gratulerer så myeSmil
Posta torsdag 23. februar 2012 13:50:
128
Valkyrje hadde følgjande kommentar:
Gratulerer så mykje nok ein gong frå ei stolt tante! Gler meg til å besøke. Smil
[opp til toppen]
Legge til kommentar:

Namn:


Namnet på Noregs konge (med stor H):


Kommentar: