Posta onsdag 30. november 2011 klokka 20:36:
3D ultralyd tysdag 29. november – 27+6
I går tysdag 29. november var vi hos Majorstuaklinikken på 3D ultralyd. Vi gleda oss veldig, spesielt 3D-interesserte Bjarte som ikkje har snakka om noko anna dei siste vekene
Då vi kom inn til den hyggelige dama som skulle ta ultralyden på meg la eg meg ned på benken. Dama begynte med ein gang å finne fram jenta vår på lerretskjermen
Ho starta først å måle hovud, mage, hofte, bein og telling av fingrar og tær
Tulla vår var blitt 32 cm lang og ho sa ho kom til å være rundt 3400 gram ca ved fødsel
Spørst sjølvsagt kor tid ho kommer
Men da e jo grei størrelse tenkte eg, så lenge ho held seg godt unna 4 kg
Så vekta og størrelsen var på normalen. Sprella sparka godt til ved ultralyden kjente eg, men elles kosa ho seg inni livmora godt krypt saman med hendene på føtene
Tydeleg fikk vi sjå heile kroppen hennar, hennar armar og tær og hjarte som pumpa
SÃ¥ var fokuset pÃ¥ Ã¥ fÃ¥ eit fint og tydeleg bilde av sjølve fjeset. Det var ikkje berre berre. Godt nedgrodd inntil morkaka storkoste ho seg med gjespande blikk, smil og ei rolig sjel som lÃ¥g og sov godt pÃ¥ sin â€morkakeputeâ€. Ho ville berre vise halve ansiktet sitt. Ã… leike â€hokus pokus†har ho allereie lært, berre ikkje lært Ã¥ titte fram enda for oss som vil sjÃ¥ ho
Eg måtte snu på meg, opp og hoppe, gå, trimme, riste på magen og heile meg 3-4 ganga, men nei da.
Tulleline ville sove. Var ikkje klar for noko bilde ho i dag. Så det å snu litt på seg mot kameraet var ikkje snakk om
Akkurat som mora, hatar å bli tatt bilde av og vil være til bry eller oppmerksomhet for andre
Eg kunne no ikkje gjer anna enn å le. Dette hadde no eg eigenleg sett for meg. Typisk denne lille frøkna. Vi har på ein måte skjønt at det å høyre på hjartelyd eller bli tatt bilete av på ultralyd ikkje er noko stas og populært etter mange forsøk. Men nokre bilde fekk vi no og nokre små filmsnuttar å ta med oss heim. Sidan vi betaler dyre dommar for dette på 1200,- kroner fekk vi også moglegheita til å komme ned dit til ein gratis time også.
Og sjølvsagt tok vi imot det tilbodet. Betre å prøve på nytt ein anna dag enn og ikkje bruke mogleiken. Kanskje ho har snudd seg innan den tid og ikkje gøymer seg like mykje som denne gang. Neste time blei derfor 12. desember kl 9:00. Så dette blir spanande. Kjekt var det vertfall og sjå ho i 3D, og teknologien, viljen og kroppen ikkje alltid like lett å styre over. Sånt skjer. Vi gler oss masse til neste gang vertfall for det er unikt å sjå sitt barn gjespe, gape, sprelle og lage grimasar utan å ha ho her på utsida enda
Teknologien er fantastisk, men enda meir fantastisk er det vesle nurket som søv og spreller inni der