Rolland
Posta onsdag 30. november 2011 klokka 20:34:
Glukosebelastningstime
Tida går og magen veks. Fredag 25. november (27 + 2 veker på vei) var eg, tulla og Bjarte på time hos vår fastlege for å ta glukosebelastning for å sjekke om eg hadde svangeskapsdiabetes. Grunnen for at dei ville sjekke var fordi eg var litt overvektig ut frå BMI-en deiras som skal være så fin og flott Smil Jaja grøss og gru. Eg har grudd meg kjempemasse til denne timen. Eg har fått høyrt mykje ekkelt om den glukosebelastningsdrikken og sjølve prosessen ved å henge på venterommet i fleire timar. Jeej tenkte no eg. Eg som e så rastlaus med makk i ræva og lite tålmodighet Smil Då vi kom til timen fredagen 25. november på morgonkvisten 8:30, gjekk eg bort til resepsjonen og sa eg hadde time med mitt namn og kva eg skulle ta. Hehe, det første dama i skranken sa ”å off grøss” mens ho lette opp namnet mitt på PC-en. Jaja, tenkte eg, flott at de som site på legekontoret er så ”positive” til dette også då... STRÅLANDE, no gledar jo eg meg endå meir Tunge

Då eg kom inn på legekontoret sitt labratorie, blei eg møtt av ei hyggeleg, snill dame som eg har vært hos før og fekk tatt blodprøver. Ho tok blodprøve på meg (både i finger og arm), mens ho prata om korleis glukosebellen skulle tas og situasjonen rundt det hele. Når eg i tillegg stilte meg på vekta for å rapportere vekta mi i med tanke på kontrolltimen eg skulle ha etterpå, skjønte ho ikkje heilt kvifor eg måtte ta denne testen. Det er jo bra dei ikkje føler eg e svær som en flodhest enda då Smil Blodverdien min var vertfall på 4,4 Smil Ho tok fram glukosebellen, og miksa det saman med kaldt godt vatn, der eg fekk sjå hele prosessen. Sidan eg spurte om eg fikk sitron oppi, gjekk dette heilt greitt, så lenge eg likte dette sjølv Tunge Då ho gav meg første glaset var eg så tørst etter å ha fasta at eg heiv da i meg på styrten. Det smakte ikkje noko spesielt. Det andre glaset gjekk like fort ned. Det var ikkje så verst. Bare sinnsjukt godt for tørsten sin del. Bismaken var berre litt sukker og sitronsmak Smil

Bilete 1Etter testen blei eg sendt inn på venterommet. No kom tålmodighetsprøva mi. Her skulle eg sitte i to timar strake vegen rett opp og ned... Jeeses korleis skal detta gå? Eg var jo allereie rastlaus før ræva mi landa på ein av stolane der. Allereie etter 5 min var jo eg jysla rastlaus, så då eg såg mogleiken på venterommets ledige stolplassar nytta eg jo mogleiken å legge med ned på ei rad med stolar nett som ein gjer på buss- og togstasjonar Tunge Jaja flaut, barnslig eller lite vaksent gav no eg blaffen i. Eg skulle jo overleve på da venterommet i 1 time og 55 minuttar te. Bjarte var jo med meg, men han fant jo fort roen med laptopen sin og sine duppedingsar å kose seg med. For meg var det å slappe av sia eg følte temperaturen min økte, rastlaushet i heile kroppen og det og sjå på klokka var eit herk kvart sekund. Gjennom ventetida kom folk inn og ut frå legenes kontor, ein falt om (besvimte) på venterommet, medan andre satt der og gapte og kjeda seg. Så eg var ikkje åleine om å vente eller få komme inn til legen. Alt var bare ut frå ulike tidsperspektiv.

Akkurat etter to timar fikk eg komme inn på laboratoriet igjen. Den koselege dama tok sine blodprøvar, spurte om korleis forma hadde vært og at eg snart skulle få komme inn til kontrolltime hos fastlegen min. Blodverdien min var nå etter testen 6,0 Smil Det var jo STRÅLANDE ut frå legespråket. Eg skjønte jo ikkje driten på de talla, men nøgd var dei no. Innerst inne tenkte no eg at det var heilt utruleg så mykje som eg spis, drikker og får i meg av snoperier for tida Smil Jaja, då er no da bra kroppen fungerer på eit område Smil

Rett etter blodprøvene gjekk vi inn til kontrolltime hos legen. Her snakka vi med legen angåande testen, ho skjønte heller ikkje kvifor vi måtte ha denne testen, men såg at vikaren hennar som vi gjekk til sist hadde satt meg opp grunna overvekta. Jaja, tenkte eg, kvifor måtte eg eigentleg ta denne testen når alle meinar at eg ikkje hadde hatt behov for da? Men no er no da slik at alle som ikkje har den perfekte BMI og ligger i overvektklassene må ta ein slik test. Det verste rundt ein slik test er jo ventetida og det å henge å dingle på venterommet på harde pinnestolar... Det meinar eg så absolutt. Legen målte blodtrykket mitt, kjente på magen min på benken, målte den og høyrte på hjertelyden. Det å finne hjertelyden var visstnok ikkje så lett, Sprelleline sparka jo berre til heile apparatet. Eg gav ho derfor tips om at hjertelyden er best å høre heilt nedst på venstre side av magen min. Då sa ho berre: «ja du har vist peiling på dette du» Smil Så klart har eg det sia ho ikkje er ei enkel lita frøken å finne fram til og vi har jo sjølv AngelSounds heime og veit kor ho oppheld seg best i sitt lille rede Smil Alt var vel og bra, hjertelyden slo som den skulle og sjølve størrelsen på mage, meg og verdiar var slik det skulle være. Så all den bekymringa og folks dårlige erfaring rundt sjølve glukosebeltesten, følte vertfall ikkje eg på som en fæl erfaring, men noko eg ikkje skriker etter å ta for tålmodighetens skyld.
Posta onsdag 30. november 2011 23:02:
68
Renate hadde følgjande kommentar:
Heldiggrisen som fekk sitron oppi hadde nok gjort seg!
Eg måtte ta testen grunna eg va blitt en flodhest Tunge klarte å legge på meg 20kg på eliasen..(HJELP!!!) so eg vart jo lova en big,big baby og svangerskapdiabetes..men guten va no ikkje so veldig store va jo ikkje 4 kg en gong..og ikkje var de noke svangerskapsdiabetes å finne heller..va vist berre gla i mat eg Tunge men e kjekt å sjå på vekta no at kg er vekk igjen!!

Men de e no bra alt e bra me deg og!! må vere kjekt å høyre hjertelyden akkurat når en ve!! og gå på 3D ultralyd og greier og greier..eg hadde en villbass i magen so eg fekk ikkje eit skikkelig ultralyd bilde en gong eg...Trist de va litt surt! men men..tar no masse bilde av han no då Tunge
kos deg vidare!!
Posta onsdag 30. november 2011 21:17:
67
Valkyrje hadde følgjande kommentar:
Godt det gjekk så bra som det gjorde og at alt er som det skal vere. Smil
[opp til toppen]
Legge til kommentar:

Namn:


Namnet på Noregs konge (med stor H):


Kommentar: