Rolland
Posta onsdag 21. september 2011 klokka 21:45:
Ei lita prinsesse
Bilete 1Tida fyk, magen veks (vertfall pitte litt), forma blir betre og matlysta like så. Smil Gjennom veker no har eg ikkje gjort anna enn å sikle på babyting, kva eg ynskjer til babisen og det som er. Men kva med kjønnet? Det er ikkje berre å kjøpe ting utan og verkeleg veta om man skal ha den feminine og sukkersøte bodyen eller ein litt tøffare stil med rock and roll, bilar og det som følgjer med på gutar. Smil Blir litt keisamt i lengda å kjøpe alt i kvitt, svart eller i brun/beige. Vi har hele vegen tippa mellom oss kva det blir. Eg har tippa jente, medan Bjarte har tippa gut.

Bilete 2Så dette var spanande og sjå, og det var godt å komme til ultralydsundersøking på KK i dag tidleg 21. september 2011. Bjarte var sjølvsagt med og saman trefte vi på ei hyggeleg, litt eldre jordmor. Saman tok vi oss ein kjapp prat før undersøkinga tok til. Gjennom ultralyd viste ho nøye kva vi såg på skjermen, fortalte kva ho såg (om barnet var friskt, normal i vekst, var utstyrt slik det skulle og så vidare), sa kor godt fosteret hadde det, at det var friskt og hadde fem fingra på kvar hand og fem tær på kvar fot. Det er jo ikkje berre berre tenkte eg. Smil Etter kvart såg ho også etter kjønnet, sidan vi gav ho eit hint om at ho kunne leite etter dette. De får nok ei jente sa ho, og viste oss tydelige bilete av sprekken mellom beina. Smil Ei lita jente ja… Yes! eg vann vertfall veddemålet, men kva med Bjarte? Håpar han også er nøgd, sjølv med eit tapt veddemål. Smil Stille sat han ved sida av meg å studerte skjermen med store auge og oppslukt i detaljane ultralyden gav rundt barnet. På slutten var det fotograferingstid. Ho ba prinsessa smile fint til mammaen og pappaen sin, som ikkje var berre berre for ei akrobatisk og vilter jente som eg hadde i magen. Ligge i ro og smile, nei da hadde ho ikkje tid til. Eg hadde ikkje spist frukost ein gang, og med tanke på kor mykje liv da blir etter eit måltid eller litt sukker innabords for meg og jenta gruar eg meg nesten til hennar gymtimar ho skal halde i magen seinare i svangerskapet, når storleiken og kjenslene kjem til liv. Smil Bilete fekk vi vertfall, ikkje alle like gode, men koseleg er det.

No er det berre å starte på shoppinglivet, og fylle på visakortet. Smil Foreløpig har eg sett på mykje fine ting, så det klør i hendene å endeleg kunne byrja å shoppa litt meir i fargar og i jubelrus over at alt er storarta og bra der inne. Noko av det me har kjøpt kan de sjå her:








Posta onsdag 5. oktober 2011 10:35:
12
Ã…shild Hestvik hadde følgjande kommentar:
Så kjekt de blir jente da, har jo sååå masse fint til dei Smil du har jo komme lang med utstyr allerede duSmil trur vi fikk alt i hus ca 3 veke før lucas kom.. *stress* Blunk
Posta måndag 26. september 2011 01:19:
10
Bjarte hadde følgjande kommentar:
Me gler oss me og Smil
Posta søndag 25. september 2011 23:55:
9
Farmor & besten hadde følgjande kommentar:
Me gler oss med dykk Smil
Posta torsdag 22. september 2011 00:07:
7
Valkyrje hadde følgjande kommentar:
Jippi! Det vert kjekt å møte Lille My i februar. Smil
[opp til toppen]
Legge til kommentar:

Namn:


Namnet på Noregs konge (med stor H):


Kommentar: