Posta tysdag 30. august 2011 klokka 14:00:
Ynskjet om barn er for mange stort, det er noko som binder saman to mennesker til ein familie. Ein familie blir ein generasjon og fører den vidare. Ynskjet hos oss var like stort. Januar 2005 slo kjærleiken til og eg og Bjarte blei etter kvart i lag. Våren 2006 flytta vi saman i Nygjerdet på Laksevåg i Bergen. Kjærleiken blomstra og ynskjet om å skape eit familiemedlem var stort. Tida var då inne for å slutte på p-piller som hadde sikra oss så langt
. Dette året starta eg og mitt første år på førskulelærarutdanninga, der dei fylgjande åra var hektiske. Hausten same år kjøpte vi oss leilegheit i Fyllingsdalen og oppussing, studieliv og andre mål vart ein del av kvardagen. Slitsame dagar følgde oss i studie, jobb og kvardagen gjekk for full rulle.
Våren 2007 kontakta eg legen, i frustrasjon av at eg ikkje blei gravid, samt fleire menstruasjonar som med opp til heile 6 månadar mellom kvar bløding etter cirka 4 år med p-pillebruk. Vi fekk snakka saman og han ynskja å sende meg vidare til en gynekolog som kunne utrette meir. Utsegna: «jammen du er så ung og har heile livet føre deg på å få barn», var alltid noko eg/vi fikk høyre av legen, gynekolog, slekt og andre instansar vi snakka med. Men for oss var ikkje målet å bli gamle foreldre, leve ungdomstida og følgje alle andre si «oppskrift». Vi ynskja å skape ein familie tidlig der andre sine meiningar ikkje hadde betyding for våre mål. Det var vårt ynskje og ingen andre sitt. Legar skal behandle sin pasient uansett alder, kjønn og identitet, og ikkje blande seg inn i pasientane sin private situasjon.
Tilvisinga til gynekologen kom hausten 2007. Han sjekka det meste gynekologar gjer i ei kvinnes underliv, samtidig som eg måtte komme månadleg innom med blodprøver når eg hadde mine dagar. Blodprøvane blei tatt på Betanien sjukehus rett borti gata her kvar eg også gjekk til gynekologundersøking. Frustrasjon vart det, då sjukehuset klarte å rote bort blodprøveresultata. Men kva skulle ein gjer? Frustrasjon eller ei så måtte eg bare fortsette å ta blodprøver for at dei skulle få noko resultat. Bjarte fekk også sjekka opp i sine kvalitetar i løpet av desse månedane ved Haukeland sjukehus, som var positivt gode.
1 Ã¥r gjekk, fleire fekk barn rundt oss i vennekretsen, slekt og familie, mens legen ikkje fant ut noko meir av mitt problem. Frustrasjonen var stor. Alle fekk barn utanom oss. SpørsmÃ¥la blei ogsÃ¥ mange nÃ¥: â€kor tid skal de ha barn?†â€de passer sÃ¥nn til Ã¥ bli foreldre!†â€Kor tid skal de gifte dykk, fÃ¥ stasjonsvogn, bikkje og barn?â€, med meir var spørsmÃ¥la som surra rundt oss frÃ¥ omkrinsen vÃ¥r. Det var ikkje like lett Ã¥ svara pÃ¥, sjølv om mÃ¥let og forhÃ¥pningane var der allereie 3 Ã¥r tilbake i tid. Kva skulle ein svare? Svara blei utydlege og lause. Det var slik vi ønska det, me klarte ikkje noko anna.
Gynekologen tilviste meg i januar 2009 til Haukeland for nærare gynekologisk undersøking. Her var eg igjennom ultralyd/laparoskopi av livmor og eggleiarane. Undersøkinga var mildt sagt SMERTEFULL etter kvart som legen førte inn fargekontrastvæske og blåste opp en slags ballong som eg kjente meir og meir jo større han gjorde den. Og der blei eg liggande i nesten ein og ein halv time i smerte. Heldigvis var Bjarte der ved mi side
. Han fekk nok varige men, og hadde det smertefullt han også etter at eg kneip han fleire gonger i handa, sjå meg når eg gret av smertene og sjå at eg blei dårlegare og dårlegare for kvart minutt eg måtte gjennom
. Men det var ingen val. Smertene måtte gjennomgåast for å få resultat. Resultatet fekk vi rett etter undersøkinga, og det var nedslåande; eggleiarane mine var tette og forhåpningane om å få sine eigne barn på normalt vis vart svært redusert. Legen sa han skulle søkje oss inn til prøverørsbehandling ved IVF som gav oss et håp i tunellen sjølv om sjansen bare var 40-50 prosent. Heldigvis var det fredag/helg og eg/vi fekk bearbeida sjokket, sorga og stunda saman. Det var tøft og eg følte ingenting var verdt noko meir. Eg berre låg på sofaen og i senga og grein, var frustrert og forbanna over mitt eige liv. Kva skulle ein leve for når ein ikkje får sine eigne barn? Korleis skulle eg klara og jobba med det eg drive med nå om eg aldri får min drøm i oppfylling? Alle spørsmål surra fram og var vanskelege å få eit svar på. Det var meg dette gjekk på, det var eg som stoppa drømmen vår.
Livet var berre dritt akkurat på denne tida. Men eg måtte halde meg sterk; eg var i småbarnspraksis, hadde eit halvt år igjen av skulegangen min på FØU. Eg måtte komme meg vidare i livet utan å tenke for mykje negativt på det som skjedde rundt meg med skule, yrke og vår drøm om barn. Bjarte var positiv og prøvde alltid å muntre meg opp. Det var vanskelig for meg å gi Bjarte positiv respons tilbake, men det skjønte han godt og har akseptert mi/vår ulike haldning til heile prosessen.
Sidan eg ikkje hadde fått bestått norskeksamen ut mitt avgangsår våren 2009 grunna dysleksien, starta kampen med skulen om korleis dette skulle klarast og gjennomførast på best mogleg vis ut frå mitt dysleksiproblem. Kampen var seig, mange brev, oppmøte og mykje frustrasjon mot skulen som stod på sitt var tøff. Og midt i det heile var Bjarte bekymra over kor tilvisinga til IVF hadde blitt av. Eg måtte berre komme i mål med skulen var svaret mitt. Eg hadde nå ikkje meir krefter til meir enn ei sak om gangen. Nå var skulen for meg ein dråpe i havet ut frå målet om å klare å bli mamma innan rekkevidde. Min tredje eksamen i norsk blei gjennomført på vanleg vis på skulen denne gangen også i jula 2009, men denne gangen slo eg og Bjarte hardt i bordet med ein klage på behandlinga eg hadde fått av skulen og tilrettelegginga dei hadde forsøkt å gi meg. Klaga gav meg ståkarakter og eg bestod til stor glede etter seint klagesvar i april 2010. Endeleg var denne kampen over. Men IVF-tilvisinga hadde venta på seg. Vi var begge frustrert og usikre på kva som skjedde rundt om i helse vest sitt system og saka vår. Nå hadde det nesten gått eit og eit halvt år sidan vi var på Haukeland på undersøking. Det var måte på kor lenge vi skulle vente, og vi var klar for å fortsette på våras hovudmål nr 1. Nå skulle dette ordnast. Frustrasjonen var stor gjennom dette året, men eg måtte fokusere på et mål av gangen om eg skulle klare alt.
Eg kontakta gynekologen min, fekk time og me â€skjelte†han ut pÃ¥ kvifor vi ikkje hadde fÃ¥tt tilvisinga frÃ¥ Haukeland IVF. Da var forklaringa enkel men sjokkerande; han hadde gløymt Ã¥ sende søknaden! Han beklaga seg veldig og bøya seg i støvet for det me hadde vore gjennom. Det var ikkje slik en pasient skulle behandlast med slike ventetider. Søknaden blei fylt ut av han der og dÃ¥ nÃ¥r me var der. Endelig var vi pÃ¥ sporet igjen.
Tidleg august 2010 byrja eg i min første jobb i barnehage som førskulelærar. Det var stort. Første jobb og en spanande jobb som eg elska. Gleda vart større av endeleg på same tid i august 2010 få tilvising til IVF. Fleire mål var oppnådd og eg følte at noko av den vonde sirkelen snudde på seg. Nå var vi komne så langt. Nå hadde vi berre IVF og halde oss til. Eg hadde ein jobb å gå til og kvardagen kunne gå som normalt. Endelig kunne det skje noko framgang i prosessen vi hadde gått gjennom i mange år med usikkerhet, nedslåande resultat og tunge stunder.
13. oktober 2010 var vi for første gang inne på konsultasjon/forundersøking ved IVF-klinikken på Haukeland. Her fekk vi snakka med lege og sjukepleierar. Saman fekk vi mykje informasjon om sjølve IVF, prøverørsprosessen, sprøytetaking, hormonbehandlinga, planer og kva som ville skje vidare etter hormonbehandling. Behandlinga hos IVF gav meg 3 forsøk (gjennomførte forsøk, det vil sei når egga blir tatt ut og satt inn att i livmora). De tilsette der var kjempehyggelige og trivelige i det arbeidet de gjorde, og vi følte oss veldig velkomne sjølv som ungt par. Dei sa sjansane mine var større grunna alderen og at eg hadde gått såpass mykje ned i vekt
. Ja, dette er store deler av grunnen kvifor eg slanka meg ned eit par titalskilo. (og prosessen fram til dette var nok ein grunn til kvifor eg fora meg opp til dei titalskiloa mellom 2006-2010). Dei kategoriserte meg som prøvekanin den/dei første gangane sidan hormondosene ein treng er ulike frå person til person. Dette synst jo eg sjølvsagt var berre spanande
. Bjarte håpa vel berre på at eg ikkje skulle bli for hormonell og gal av heile greia
.
Provera (tablettar) starta eg med 22. desember til 31. desember 2010. Denne skulle gi meg planlagt menstruasjon, som kom som planlagt akkurat etter boka/planen
. Onsdag 5. januar 2011 starta eg pÃ¥ Puregon (sprøyte nr 1) og søndag 9. starta eg pÃ¥ Cetrotide (sprøyte nr 2). Sprøytene sette Bjarte pÃ¥ meg kvar morgon klokka 6:00. Eg hadde/har sprøytefobi, sÃ¥ det Ã¥ stikke seg sjølv var ikkje aktuelt. SÃ¥ sidan eg har ei â€sjukesøster†til sambuar, tok han seg av dette og fekk pÃ¥ den mÃ¥ten lov Ã¥ bidra med mykje i prosessen. Premissa var at han skulle sette dei nÃ¥r eg helst var godt søvnig og nÃ¥r eg var lite tilstade for omverda. Var eg i vÃ¥ken tilstand gøymde eg ansiktet fint under dyna mens eg prøvde Ã¥ puste. Det var ikkje vondt, men eg klare ikkje sjÃ¥ sprøytespissane. Sprøytenes «biverknad» var kløe 1-2 timars tid og at eg følte Bjarte hadde smelt en ballong fleire gonger i filler pÃ¥ magen min
. Sprøytene tok vi kvar dag fram til første ultralyd i forsøket torsdag 13. januar. Her såg dei utviklinga av eggas størrelse og produksjon. Legane var så langt ikkje nøgd med resultatet av hormonbehandlinga og auka dosen ytterligare enn startdosen. Måndag 17. januar klokka 8:50 var vi til neste ultralyd og resultatet var dessverre negativt. Doseringane dei hadde målt opp var for små, egga var ikkje nok utvikla og forsøket måtte bli avbrote. Bjarte var nok en smule nedfor, medan eg allereie hadde sett da for meg. Det skulle ikkje gå denne gangen. Det såg eg på første ultralyd og legens reaksjon. Enkelte leger uttrykkjar seg litt vel tydeleg enn kva de kanskje burde, men då er de i det minste ærlige. Eg såg berre positivt på det, sjølv om eg hadde gått gjennom mykje hormonbehandling og sprøyter allereie.
Som vi sa til legen og sjukepleiaren var dette ei heilt grei avgjersle, der fokuset og jobben deira er å gi oss det beste og mest optimale forsøket ved ei slik gjennomføring. Det var det berre ikkje denne gangen. Sjukepleiaren var veldig flink til å trøste oss i denne stunda, sjølv om eg såg meir positivt på dette enn noko anna. Eg visste de gjorde jobben sin grundig og godt. To månader ++ måtte eg nå vente på neste forsøk grunna eg måtte få normal menstruasjon to gonger først.
6. april, tre dagar etter eg hadde hatt vanlig menstruasjonslutt starta eg på an igjen på Provera (tabelettene). Dette synst eg var litt rart, men tok no tablettane likevel fram til 15. april 2011. Ei svak og merkelig form for menstruasjon kom laurdag 16. april. Eg ringte IVF-klinikken og fortalte om at dette var en merkelig situasjon og at eg synst det var merkelig at to menstruasjonar kunne komme så tett opp mot kvarandre. Nei, det var ikkje heilt som planlagt og noko var gått gale i planen. Forsøket blei avbrote, men sia eg ikkje hadde begynt på sprøytene kunne eg starte behandlinga på nytt forsøk att ganske kjapt.
4. mai starta vårt «vidunderforsøk» nr 1 (sidan vi ikkje hadde fullført nokre av dei andre forsøka). Eg starta denne dagen på Provera-tablettane til 13. mai 2011. Menstruasjonen kom som den skulle måndag 16. mai på normalt vis og eg kunne begynne hormonbehandlinga med sprøytebruk Puregon (sprøyte nr 1) onsdag 18. mai. Dosane var større denne gangen enn første forsøk i januar. Søndag 22. mai starta eg på Orgalutran (sprøyte nr 2). Dette var ei ny hormonsprøyte enn det eg hadde tatt første gang. Sprøytene tok vi kvar morgon klokka 6:00. Rutinane var dei same som første gang, og vi følte vi var proffe i dette etter kvart. Måndag 23. mai klokka 14:30 var vår første ultralyd i forsøket. Dosane var fortsatt for små slik som første gang, sjølv om dosa hadde blitt auka i utgangspunktet. Dosane på sprøyta Puregon auka vi betrakteleg meir og torsdag 26. mai var vi inne til ny ultralyd 12:30. Dei såg framgang, men egga var fortsatt ikkje gode nok til uthenting. Dei auka dosane ytterligare og gav håp om at dette skulle gi resultat til vår første eggeuthenting veka etterpå. Måndag 30. mai slutta eg på sprøytene og tok sprøyte nr 3 som var ei eggeløysningssprøyte som eg måtte ta 23:30 på kvelden.
Onsdag 1. juni klokka 8:00 fekk eg time til innlegging på Haukeland saman med andre IVF-pasientar som også skulle utføre eggeuthenting. Så på morgonkvisten klokka 7:00 tok eg 4 paracettar etter planen som smertestillande for det som skulle komme til å skje seinare på formiddagen. Eg har aldri tatt så sjuk dose paracettar før og ante jo ikkje kva eg gjekk te. Når vi kom til IVF-klinikken leverte Bjarte en fersk sædprøve, medan eg åleine måtte legga meg inn saman med 4 andre på rekke og rad i sengebaser med varmeflaske på føtene og musikk på ørene. Fantastiske fine sjukehusklede fekk me også, berre ikkje bukse
. Ein etter ein fekk vi morfin og avslappande medisinar. Eg var den siste som skulle inn, så eg fekk til slutt, og eg måtte jo høyre på alle lydane og følelsane dei andre hadde i rommet når de fekk i seg desse medikamenta. Det var då det var godt å ha musikk på øyra. Nokre blei veldig dårlige og fekk meir eller mindre panikk. Ja, ja, tenkte eg, eg har ikkje tatt morfin før og avslappande medisin så det kan jo bli spanande og sjå kor eg landar. Men eg behaldt fredeleg roa og høyrte på musikk på MP3spelaren min. Medisinane eg fekk verka som eit skot og søvnen bad på seg meir og meir der eg låg. Avslappa nok var eg vertfall
. Saman med sjukepleiaren gjekk me inn pÃ¥ â€operasjonsstua†der eg skulle sitta i gynekologstolen. Bjarte kom inn og fekk vere saman i prosessen dÃ¥ dei tok ut egga mine. Litt vondt var det, men morfinen gjorde nok sine under for smerten. Resultatet for eggeuthentinga var 10 egg. Me visste ikkje statusen pÃ¥ dei men me sa oss veldig fornøgde med dei sjølv om me var usikre pÃ¥ om dette haldt. DÃ¥ vi kom heim igjen rundt 12:00 gjekk eg rett i loppekassa. Der sov eg stort sett heile dagen, unntatt nÃ¥r Bjarte hadde laga lasagne til middag rundt 18:00. Elles vart kvelden ganske sÃ¥ kort. Morfinen var i kroppen fortsatt og eg synst Ã¥ sove var ekstra digg, rett og slett.
Torsdagen 2. juni var fridag heime og Kristi himmelfartsdag. Dette var dagen for smerte i mageregionen, soving, avslapping og svaret på befruktinga av egga våre. Telefonen kom og vi hadde 4 befrukta egg som hadde overlevd så langt og utvikla seg fint. Vi var no inne i de spanande timane.
Fredagen kom (3. juni) der eg hadde fÃ¥tt time klokka 10:30 til eggeinnsetting. Smertestillande blei ikkje tatt denne dagen for denne utføringa. Saman gjekk eg og Bjarte inn pÃ¥ â€operasjonssalenâ€. Der møtte me legen og sjukepleiarane. Vi hadde nÃ¥ tre overlevande egg som var befrukta. Eit av desse skulle vi fÃ¥ sette inn. Dei andre to blei frosne ned pÃ¥ Haukeland. PÃ¥ skjermen fekk me sjÃ¥ det befrukta egget. Det gjekk fort men det var veldig fint og lite sjølv med sine forstørringar. Legen førte sÃ¥ egget inn i livmora. Ho sa eg hadde optimale forhold. Ja, ja, tenkte eg. Korleis veit ein eigentleg da? Det er jo slikt ein pratar om været. Men vi sÃ¥g pÃ¥ da som positivt, sjølv om alt var veldig nytt, rart og spanande. Innsettinga var fort overstÃ¥tt og plutselig var vi pÃ¥ vei ut frÃ¥ sjukehuset att og pÃ¥ vei heim. Eg blei godt planta ned i godstolen av Bjarte, der han sa eg fekk sitta og verpa. Eg hadde vel ikkje sÃ¥ mange val, og eg turte jo heller ikkje gjera noko anna
. Heile helga sat eg og verpa og koste meg med serietitting, filmsjåing og fotball medan eg sov innimellom. Bjarte varta opp med mat og drikke så godt han kunne
. Eg hadde det eigentleg som plomma i egget
.
Kvardagen begynte på igjen, det var godt å komme seg ut i jobb igjen, la tankane falle vekk og halde fokuset på noko anna i ei spanande tid. Smertene etter eggeuthentinga var tilstade i mageregionen dei to følgjande vekene, men det var jo slik eg hadde blitt fortalt det skulle vere. Fredag 17. juni leverte eg blodprøve på Haukeland (2 veker etter innsettinga) Tida hadde gått sakte fram til denne dagen, men jobben gav meg pusterom frå alt det tunge og tankefulle. Denne blodprøva skulle gi oss svaret på alt av IVF-behandlingas første fullførte forsøk. Eg laga avtale med legane og Bjarte om at eg ikkje ville ha noko telefon frå dei på dagen om resultatet. Eg såg på det som negativt, slikt som alt anna eg hadde opplevd. Skulle det være positivt ville eg heller ta det til meg der og då. Men det å få tunge beskjeder/negative svar på jobb var ikkje aktuelt for min del med den jobben eg har. Fokuset mitt var å dele jobb og privat i dette tilfellet.
Bjarte fekk telefonen rundt lunsjtid den dagen. Sjukepleiarane gav han mykje resultat i â€sjukepleiarstil†med blodverdiar som fokus. Bjarte skjønte ingenting. Han spurte rett ut til slutt: kva betyr dette? Er ho gravid? Svaret var ja. Eg var gravid. Jubelen var nok stor pÃ¥ jobben hans den dagen. Han visste det, Fleire av kollegaene hans visste det og gleda var stor. Eg jobba ut dagen med eit uvisse rundt situasjonen. Fokuset var jobb nÃ¥r eg var pÃ¥ jobb. NÃ¥r Bjarte kom for Ã¥ hente meg, visste eg ikkje om eg skulle grue meg eller glede meg. Eg trur ikkje eg hadde noko kjensle i kroppen der og dÃ¥. Eg sat meg inn i bilen etter Ã¥ ha sagt god helg til mine kollegaer pÃ¥ parkeringsplassen. Det første eg sÃ¥g nÃ¥r eg kom inn i bilen var en molefonken Bjarte som verka sur og frustrert. Ja, ja, tenkte eg. Kvifor er du sÃ¥ sur? Eg kan ikkje noko for det at resultata er negative heile tida. Det var første gang osv, før han drog opp ein bukett med roser nÃ¥r vi hadde komne oss vekk frÃ¥ parkeringsplassen, og sa «eg e bare litt sur fordi det ikkje blir noko pÃ¥ meg i ferien. Fordi du e gravid!». Eg tok berre hendene føre ansiktet, prøvde Ã¥ puste medan eg sa «Nei, da e ikkje sant, nei, da e ikkje sant». SÃ¥g pÃ¥ Bjarte og sa «nei, da e ikkje sant, slutt og tull, eg trur ikkje pÃ¥ deg.» Hans svar: â€jo ut frÃ¥ resultata pÃ¥ blodprøva er det sant og me skal pÃ¥ ultralyd 7. juli rett før ferien.» Eg gav meg ikkje pÃ¥ mitt «negative», og sa til Bjarte at vi mÃ¥tte berre kjøre rett til eit apoteket sporenstreks og kjøpa eit par graviditetstestar. Eg ville ikkje tru pÃ¥ det før eg fekk sjÃ¥ da med mine eigne auge. Tanken pÃ¥ Ã¥ ta graviditetstest før blodprøva var ikkje til stade grunna det var ganske tidleg og eg hadde hatt mange negative resultat med slike testar før som eg ikkje orka Ã¥ oppleve igjen. Men denne gangen var den/dei/alle saman positive. Alle prøvane gjekk rett pÃ¥ gravid og eg blei meir og meir veldig sjokka, men glad.
7. juli var vi tilbake på Haukeland for ein ekstra sjekk ut frå blodprøven vi tok 17. juni. Med innvendig ultralyd fekk vi sjå vårt lille nurk for først gang som eit embryo etter innsettinga. Nå var den lille blitt 7 veker og 1 dag. En liten klump der inni var i live. Hjartet pumpa, livmora voks og den lille hadde begynt å få litt form.
Vekene gjekk, eg tok jamleg graviditetstestar for å sjekke dette fenomenet. Den var positiv kvar gong. For kvar gong eg fekk det positive mot meg gjekk da meir og meir opp for meg og gleda blei, ettersom vekene gjekk større, med tanke på at det lille vidunderet kunne overleve dette. Forma mi blei forandra, puppane vart større/fastare (til Bjartes jubel og glede), eg følte eg sov dagane igjennom (spesielt i ferien), kroppstemperaturen steig, kvalmen kom etter kvart måltid og svimmelhet/blodsukkeret gjekk i bølgjer og dalar. Det å kunne orke alt eg gjorde før, var ikkje tilstade lenger. Hele verda mi var gjort om og eg føler meg meir hjelpesløs enn før.
Tysdag 23. august på kvelden var vi på vår 2. ultralyd i svangerskapet hos sentrumslegen i byn (privat). Denne dagen var eg 13 + 6 dagar på vei og kunne endeleg ta utvendig ultralyd for første gong, «jeeej!»
Vårt første inntrykk vi fekk da vi kom inn hos legen var kun gravide på rekke og rad som skulle inn til lege/ultralydstime. Denne legen er tilsynelatande populær. Det var det ikkje tvil om hos dei med struttande mage.
Når vi kom inn til den hyggelige mannelegen, snakka vi litt rundt om vår situasjon og graviditeten. Etterpå fekk eg legge meg på benken klar for ultralyd. Bjarte sat på stolen ved sida av. Saman såg vi alle tre klistra med blikket vårt på ein TV-skjerm ovanfor oss når ultralyden var i gong. Der såg vi ein liten krabat/nurk som hadde fått utvikla seg kropp, armar, bein, stort hovud og tydlegare kroppsfasong enn forgje ultralyd. Med ein veldig aktiv krabat i magen min, sleit legen lenge med å få tak i han når ting skulle målast. Men da gjekk tilslutt. Det er vel sånn når ein leikar katt og mus, katten fangar den tilslutt. Måla blei tatt på kropp, hovud, anfall fingrar og tær blei talt og sjekka det som sjekkast skal. Liv var det og legen gratulerte oss kjempemasse med graviditeten, og eg kunne vere 100% sikker på å ha eit lite liv i magen.
Onsdag 24. august var dagen for første legesjekk hos legen. Det var første gang vi har vore hos denne legen/legesenteret men dei verka veldig hyggelege, spreke og unge. Her tok eg blodprøvar for det meste, fekk snakka med legen om forma mi, kva som kommer til å skje framover, samt vi gjekk gjennom programmet for legetimar eg skal ha i svangerskapet. Alle de spørsmåla man eigentleg lurer på vert jo sjølvsagt gløymd under slike timar, men vi får ta det litt etter litt. Hyggelege samtalar var det iallefall, fint legesenter og gode legar. Neste gong blir da hugseliste på spørsmål. No er jobben i gang med å surfe etter ei koseleg jordmor og vente på innkalling til time hos KK på Haukeland for ultralydstime i uke 18. Spanande tid i møte har me utan tvil.
Nå har det gått 14 veker og eg har vore i full jobb igjen i 4 veker etter ferien. Det har vore veldig godt, tungt til tider, spesielt etter min dårlige fase i ferien, men eg syns det er verst å vera heime. Det er der eg har blitt fortast dårlig. Tida er no komen for å fortelje dykk alle om vår situasjon. Det kommer nok til å bli mykje sjokk, reaksjonar og meiningar på dette, men det er vi klar over. Vi håpar de alle forstår situasjonen vi har vore gjennom uansett kva slags måte du/de vil ta dette på.
Spørsmåla opp gjennom åra har vore mange frå både venner, slekt og familie, der vi har svart kanskje mykje rart, uvisst, gitt usikre svar, men her er grunnen for det. Vi bestemte oss tidleg for at vi skulle fokusere på dette åleine, grunna andre lett kan kome med spørsmål som kunne vore vanskelige å svare på. Dette har vi og følt kunne vore noko som kunne gitt oss større frustrasjon og tunge tider/sorg i prosessen dersom vi ikkje hadde hatt noko gode nyheiter å kome med. Det er vi som har vore gjennom prosessen og det er ikkje like lett for andre å sette seg inn i den. Vi er sjølv sjokka over kor mange som faktisk går gjennom slike behandlingsforsøk ved å oppleve det på innsida, kor tungt dette er å gå gjennom for alle som må igjennom dette og kor lett andre tar på korleis ein graviditet oppstår på normalt vis. Vi har opplevd at vi skal vera varsam på kva knappar ein trykker på i eit menneske sitt personlige liv. Alle har ikkje alle føresetnadane som er normalt i dagens samfunn. Tankar og erfaringar gjer inntrykk. Alle har ulike synspunkt, haldningar og innsynsvinklar og val. Vi tok denne avgjersla for og halda roa rundt spekulasjonane i den foreløpige prosessen. Vi hadde eit ønske om å kjøre vårt eige løp, noko berre vi stod for saman, noko som berre var vårt og noko som berre var vår business. Det har vore tungt, det har ramma oss økonomisk, kjenslemessig og som personar, men vi trur det hadde blitt enda tyngre om alle hadde vore nysgjerrige, hadde hatt meiningar, kjensler og spørsmål i det heile rundt situasjonen i alle desse åra. Vi har hatt behov for å ta det i vårt tempo og i ro og mak.
For de svært få som har visst om dette syns vi det har vore ein lettelse å få snakka ut om dette rundt situasjonen, de har brydd dykk, gitt oss ein tryggleik, gitt hjelpande hender, interessert dykk i situasjonen vår, vore til å stole på gjennom heile prosessen og de har vore der for oss. Vi er takknemlege for at vi har fått prata med dykk i vårt tempo og vårt behov. For oss begge har det vore fantastisk herleg å få snakka med nokon som er av sama kjønn. Bjarte har fått snakka med sine kompisar som forstår hans situasjon og eg med mine venninner som forstår kva eg har vore gjennom med min kvinnekropp og sjølve prosessen korleis den har tera på kroppen og situasjonen rundt vårt liv. Så det er vi supertakksame for.
No ser me framover. Terminen er rundt 24. februar. Vi gler oss kjempemasse. Spørsmåla er sikkert mange, tabbane er sikkert store, men gleda over å skape noko og få noe positivt i gåve er stor. Det triste i dette er at mitt vikariat ender i byrjinga av februar grunna permisjon ved Espira Rå Barnehage. De har vore gode kollegaer, flotte å arbeide med, «smaugauen» med fredagskos på pauserommet har vore strålande og humor og glede har skapt min kvardag hos dykk i barnehagen. De tok meg godt imot når eg kom inn i jobben og eg vil alltid savne dykk i kvardagen (spesielt i permisjonstida). Er det nokre ledige jobbar, så e det berre å «dingedinge» så skal eg nok alltids tre opp med da eg kan. Eg er alltid interessert i å få jobba litt med dykk igjen, både store og små
. Korleis framtida vil sjå ut, veit me ikkje. Men ynskje og sparing til nytt søskenforsøk er allereie i boks. Så håpet om å lukkas fleire gonger for en større familieauking ligg tilstade og vi vil gjer alt vi kan for å oppnå dette også når tida er inne. No gler vi oss over det som er og kommer til verden i slutten av februar.
Lise B. og Larissa hadde følgjande kommentar: